Tittel: Glenn Anton og Tassen
Gitt ut: 1998Forfattar: Thor Soltvedt
Sjanger: Roman
Sidetal: 131
Innleiing
Boka er på 131 sider, og er utgitt av Eide forlag. Forfatteren heiter Thor Soltvedt og har skrive fleire kjente ungdomsbøker, for eksempel boka om Glenn Anton. Thor Soltevedt arbeidar som lektor og er ungdomsforfattar ved sida av. Han bur i Rådal i Bergen. I 2007 hadde han skrive ni bøker. Eg har lese to av bøkene hans og synest at dei er svært kjekke å lesa. Grunnen til at eg likar bøkene hans, er at det er mykje som skjer ,altså mykje handling. Det er lite kjensler med i bøkene. Eg trur boka passar best for ungdom. Og kanskje aller mest for gutar, sidan boka handlar om to gutar som skal finna løysningen på forskjellige problem. Boka er skriven på dialekt, noko som gjer ho svært kjekk å lesa. Dialekten gjer at innhaldet virkar realistisk og skaper liv i teksten.
Referat
Forteljinga startar med at Glenn Anton sit i fengsel etter å ha tent på Bjørgvin yrkesskule. Glenn Anton har bare ein god ven og han heiter Tassen. Glenn Anton si mor bur i USA og han snakkar med henne kvart nyttår. Han synest at ho snakker meir og meir amerikansk for kvart år. Både mora og faren til Tassen drikk mykje alkohol. Stefaren til Tassen har døydd ein tragisk død for nokre år sidan, og Tassen har berre vonde minne etter han. Tassen bur heime hos mora si, og han prøver gjennom internett å få seg ei dame som bur i Australia. Tassen begynner å tenkja på Glenn Anton då han ser på TV at det har brunne ned ei kyrkje i Voss. Tassen skriv eit langt brev til han der han skildrar korleis han har det. Tassen får brev tilbake frå Glenn Anton kor det står korleis han har det i fengsel, og kva han har å gjera på. Tassen prøver å ringa han, men Glenn Anton har brukt opp tida han har lov til å snakka i telefonen når han er i fengsel. Deretter bestemmer Tassen seg for å vitja han i fengsel. Tassen synest at fengslet ser ut som ein ekte fangeleir, slik han har sett det på film. Fengslet er strengt vakta, men Tassen får vitja Glenn Anton. Tassen har problem med å kjenna Glenn Anton igjen. Han har trent i fengselet og forandra utsjånad. Seinere på kvelden får Glenn Anton tillating til å vera med på fotballkamp.
Nokre dagar seinare skriv Tassen eit nytt brev kor han fortel alt han gløymde å seia. Glenn Anton svarer og skriv at han vil rømme frå fengslet, sidan han har vorte valdteken av nokon homoar i fengslet. Tassen tek seg fri frå skulen for å hjelpa Glenn Anton med og rømma. Dei får også hjelp av ein i klassen til Tassen. Rømningsforsøket er vellukka, og Glenn Anton blir buande i ei hytte utanfor byen. Politiet kjem heim til Tassen for å snakka med han, men Tassen held tett om Glenn Anton. Mora fortel Tassen kven som er hans eigentlege far. Det viser seg at Glenn Anton og Tassen har same far. Sverre, som er far til Tassen og Glenn Anton, flyttar inn hos mora til Tassen. Begge foreldra til Tassen sluttar med alkohol då dei flyttar saman igjen. Faren sel leilegheita for å finansiera turen til London for Glenn Anton. Glenn Anton låner Tassen sitt pass for å koma seg til London. Tassen får trugsmål frå valdtektsmennene i posten. Ein dag etter skulen får Tassen bank av homoane i ein undergang like ved skulen. Tassen sine vener kjem og hjelper han. Dei slår ned ein av homoane, som bli liggjande på bakken og blø, mens dei spring vekk. Dagen etter får Tassen tak i pass og båtbilett for å koma seg til England. På båten møter han ein fengselsbetjent, men klarer å halda seg skjult for han. Tassen får så ei melding frå dama i Australia. Det viser seg at ho er ein 45 år gammal mann. Glenn Anton og Tassen bur nokre veker i London før dei avgjer at dei vil reise til USA, for å bu hos mora til Glenn Anton.
Personskildring av Tassen
Tassen bur saman med mora si i Bergen. Han er 16 år gammal og går på VK 1 do-fag på Bjørgvin vidaregåande skole. Han har berre ein ven, og han heiter Glenn Anton. Tassen veit ikkje kven som er hans biologiske far sidan mora aldri har fortalt han det. Han har vonde minne frå tida med stefaren som var alkoholikar. Tassen heiter eigentleg Tim Svein, men vert kalla for Tassen.
Oppsummering
Boka var lettlest, noko som passar meg særs godt. Boka var interessant å lesa sidan det heile tida skjedde noko nytt og spennande. Det var også passeleg mykje handling, noko som eg synest er viktig for at ei bok skal vera god. Mykje av handlinga skjer på det ytre plan, det vil seia at det ikkje er så mykje om kva personane føler og tenkjer. Eg synest ikkje det er kjekt å berre lesa om kva personar tenkjer og handling på det indre plan blir ofte lett keisamt.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar